Lukestar til Fres Festival, Fresvik!!!1!

Spelemannsprisvinnande act vitjar Fresvik i samband med avvikling av jovial festival!

Ein Äpfel vielleicht?

Det var med ikkje so reint lite glede og liknande at bookingkommisjonen på den alltid utanfor-boksen-tenkande festivalen Fres Festival natt til tirsdag kunne gjera vitterleg at frekkasbandet Lukestar tek turen til årets Fres! Lukestar består av fire kjekke menn frå høvesvis Kjelsås, Grefsen og Nordnoreg. Dei stakk i vinter av med spelmannsprisen i kategorien rock, og vi kan dermed konkludera med at det er rock dei spelar. Dei sleppte i fjor sin andre fullengdar, Lake Toba, som vart premiert med nemnte spelemannspris samt mykje speletid på rikskringkastinga sitt program 3 (p3). Lukestar tek turen direkte frå Kirkenes, der dei etter seiande skal fiska laks og spela på ein ungdomklubb.

Festivalsjefen i fistel

Det var dermed nok ein gong duka for ekstraordinær pressekonferanse på Ekebergrestauranten, og nok ein gong var pressekorpset mannsterkt og smakstilsetningane eksotiske.

– Kva betyr det for ein liten festival som  Fres Festival at eit band som Lukestar tek turen?

Eit innfløkt og mangefassettert spørsmål, Kent, men likeframt eit rettferdig spørsmål. Det at Lukestar tek turen til Fres er for det fysste heilt heilt kontorsjef! Men det at Fres no kan skilta med spelemannsprisvinnarar, det såg eg verkeleg ikkje koma idet The Keikos, ikkje til forkleining for The Keikos altso, gjekk på scena foran 26 elleville fans på Fres 2005. Men kva det det betyr at Lukestar kjem til Fres Festival i Fresvik, Vik Kommune,  siste helga i juli, er fysst og fremst at festivalpublikummet kjem til å få endå ein herleg frekk konsert. Endå ein!!! sa ein tydeleg oppglødd Lars Tore Skau. Ved hass side sat Gunnar Husabø frå Leiinga og IT-avdelinga og meska seg i komplimentær drikke av ukjent opphav.

Lukestar vert å oppleva på Fres Festival siste helga i juli 2009. Its no joke.

2 replies
  1. Fridvelt
    Fridvelt says:

    Eg stakk ein epleskrott i røvi og sto att med stilken i håndi… No må eg drita! No må eg drita!

Comments are closed.