Fres Festival sikrar Ungdomskulen i Fresvik! Dei fysste banda er klare!
av Håvard 12/05/2009, i kategori Artistar 2009, Leiinga informerer

Fres Festival i Fresvik, Vik kommune, har i dag den store gleda av å opplysa om at det også i år vil verte band å høyre på garden Skau siste helga i juli. Kva som er og ikkje er siste helga i juli er, kva Fres Festival vedkjem, opp til leiinga og berre leiinga å bestemma, og leiinga har bestemt at siste helga i juli i år tek til fredag 31. juli. Alle som har meiningar om dette bes kontakta næraste stein, bildekk og/eller liknande og lufta tankane sine der.
Når det er sagt er den fysste batchen med band som skal spela på 2009-utgåva av Fres Festival følgjande: Båååv, Tyyl!, Wolfram, Klagemur, The Generous Days, Impedansebande, TYST!, The Making of Gentlemen, Canoon frå Kølabånn, At Any Time og UNGDOMSKULEN!!
Dette er ikkje kødd! Sjekk ut banda på den fiffige artistsida.
Bookingavdelinga for Fres Festival kunne orientera om dette på ei ekstraordinær pressekonferanse natt til i dag:
- Ja Kent, det er faktsik sant, alle desse banda vil verte å oppleva under årets Fres. Vi vil og få nytta høve til å sei at vi no kjem til å offentleggjera band som skal spela etterkvart som dei vert bekrefta, so det er berre å fylla på verdikortet, om du skjønar kvar eg vil hen Kent. Og ja, alle desse banda kan synge på det målet dei sjølv vil, det skal ikkje vi legga oss oppi, sa ein allereie overbooka Gunnar Husabø frå Fres Festival idet han gurgla nedpå litervis osv osv osv osv





May 12th, 2009 on 09:38
Fåååååy!! Sjekk dan lineupen!!
May 12th, 2009 on 10:01
No må nabobøen gjerast teltklar!
May 12th, 2009 on 10:23
Satans feitt! No vart eg kåt, og fekk lyst på kylling.
May 12th, 2009 on 11:24
http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article4324776.ece
May 12th, 2009 on 11:34
jævlig bra lineup, men kor er ponas?!?!?!
May 12th, 2009 on 11:40
BÅÅÅV!? god knall! lenge sia eg har høyrd dei!
ventar berre på roadkill eg no!
May 12th, 2009 on 11:44
Kest e Roadkill?
May 12th, 2009 on 12:10
Trur dei bur i Bergen.
May 23rd, 2009 on 13:34
No lyt eg på do.
May 26th, 2009 on 10:45
Spist kylling?