Leiinga avbefalar

Mange let seg lura i desse påsketider, men ikkje leiinga.

Ikkje bli lurt!

Ikkje bli lurt!

Påsken står for hyttedøra, og i den anledning likar mange å fleska til med grill, gjerne av pølser. Men dei siste år har stadig fleire produsentar teke byrja tilby “pølser” av fjasete karakter som ber lovnad om å væra både sunne, laga av kylling, magre, innehalde tofu (the devil) eller alle desse tinga i ein og same tarm. Det var med dette i mente at leiinga for Fres Festival i Fresvik nok ein gong såg seg nøydde til å ikle seg folkeopplysningsdrakta og kalla inn til ein ekstraordinær pressekonferanse.


Grill skal vere grill, ikkje fjas, Kent!

– Alle veit at under Leibniz lov om identitet er pølser  pølser. Å freiste å selje inn pølser  som noko som er sunt, hjartegodt, kredibelt, vegetarisk, indie eller anna tant, er å føra folk bak lyset. Pølser er usunt og består av gammal gris, flesk, salt og imitert tarm. Å hevda noko anna vil væra å robba pølsa for sjel, sjarm og vesen. Keep it real, folkens, berre grill er grill, sa ein pølsemett Per Christian Grov frå leiinga for Fres Festival i Fresvik til eit mannsterkt pressekorps.


2 replies
  1. Fridvelt
    Fridvelt says:

    Kvar blir det av kvinnene i alle desse mannssterke pressekorpsa? Er dei ikkje interesserte i korkje bacon eller pølser, eller baconpølser? Det førre anbefalte baconproduktet såg jo ut som ei shampoflaske. Det må då for pokker vere interessant for kvinner!

    • Jodla-Johan
      Jodla-Johan says:

      Shampoflaska du omtalar innheld neppe shampo, men er absolutt eit produkt mange kvinner set pris på. I alle fall dei som slit med pølesemette partnerar som ikkje orkar å påkalla naturleg sevje før dei køyrer inn korven.

Comments are closed.