Billettprisane aukar (sorry…)

Aprilsnarr
OPPDATERING: Sjå forumet.

Billettprisen på Fres festival aukar frå 200,- til 990,-. Det er ikkje meininga å vere kjip, men det er slik det blir når kommunale gribbar skal ha tak i pengane dine. Det ligg an til at kommunen kjem til å krevje Fresn for eit skyhøgt beløp i avgifter/skattar. Samstundes har vi fått signal om at artistane ikkje lenger er nøgde med vilkåra vi gjev for å spele på festivalen.

I dagens SA kjem det fram at Vik kommune ikkje kjenner grenser. Dei er no fast bestemt på å tappe lokale, ideelle organisasjonar for hardt inntente grunkar:

Rådmann Oddbjørn Ese la fram dystre tal i sitt budsjettforslag for formannskapet i Vik tysdag ettermiddag. Som ei følgje av dei katastrofale Terra-investeringane må kommunen gjennomføre omfattande innsparingar, samstundes som inntektene frå kommunale skattar og avgifter må aukast.

Det er særleg næringsdrivande og kulturverksemder som vert hardt råka. I møtet forklarte Ese at kommunen har ei potensiell ekstrainntekt i å ta seg betalt for dei tekniske tenestene som vert levert til lag, organisasjonar og bedrifter i kommunen. Han tilrådde at kommunen må opptre som ein tenestetilbydar, på lik line med private aktørar, når ein utfører tenester for organisasjonar og bedrifter.

I praksis vil dette seie at lag og organisasjonar må betala kommunen kring 20-50.000,- for naudsynte tenester innan vatn og avløp, renovasjon og andre tekniske tenester. Dette kjem på toppen av ei generell auke i kommunale skattar og gebyr. Når kommunen skal ta seg betalt for slike tenester, vil bedrifter og organisasjonar i utkantane av kommunen, til dømes Feios og Fresvik, råkast hardast, på grunn av auka kostnader knytt til logistikk.

Ese medgav at dette kunne verke brutalt for lag og organisasjonar, men peika samstundes på at alle må vere med på å dra lasset når kommunen har hamna i ein slik uheldig økonomisk situasjon. (SA 01/04/2009)

Fresn er sjølvsagt rivande ueinige, og meiner det er urettvist at vi skal lide for deira økonomiske vanstyre, men kva kan vi gjere?

I tillegg ser det ut til at enkelte artistar som før har vore nøgde med å opptre for eit fantastisk publikum på den beste scena langs Sognefjorden (vi skal ikkje nemne namn) no meiner at dei fortener honorar på tilsvarande nivå som andre festivalar og arrangørar gjev.

I sum gjer dette at vårt budsjett ikkje går opp utan ein dramatisk auke i billettprisane. Som sagt, vi beklagar dette, men vi kan ikkje gjere anna.

3 replies

Comments are closed.