Radio Fres! Endeleg! Endeleg attende!

Ulideleg ventetid endeleg over for radiohungrige festivaldeltakarar!

radiofresnyheit

Det var natt til tysdag at den kritikarroste radiokanalen Radio Fres endeleg var attende, til glede for kjære podcast nedlast folk, som dei er, dei som lastar ned. Og lastar ned gjer dei!

For i år, som i fjor, og året før i fjor, vil sendingane til Radio Fres verte gjort tilgjengelege via den kulturelt oppegåande vevsida fresn.no. Som om dette ikkje er nok går Radio Fres inn i det som i år er ein rekordsesong. Det er nemleg fyrste gong at Radio Fres har blitt sendt tre sesongar på rad! Og når publikum har svalgt denne ikkje akkurat kvardagslege rekordkosten, kan dei og lata seg imponera av at Radio Fres i år stiller med ein heilt ny profil, nemleg Radio Fres – Kunnskapskanalen, for deg som vil ha meir kunnskap, kultur og kritikk.

Radio Fres-generalen proklamerar ny standard.

Det var ikkje lenge etter at den fysste podcasten frå Radio Fres var lagt ut at sjølvaste Radio Fres-general, journalist og årdøl Magnar Kvalvik kalla inn til ein ekstraordinær pressekonferanse.

Kva er din kommentar til at Radio Fres no endeleg er attende?
– Ok, Kent, no e me endeleg tilbake, og sidan radiofres alltid går motstrøms, vil denne oppfølgjaren til sesong 2 (av Radio Fres red. anm.) ikkje ha meir, eller vera enda morosamare (meir morsam. red. anm.) eller betre eller enda raskare eller enda meir spektakulær enn førre (sesongen av Radio Fres red. anm.). Tvert om, me tonar ned! Mindre humor, mindre spenst, mindre tempo, flow og dynamikk. Me set ein heilt ny standard. Me skal selgje Radio Fres som “Radio Fres – litt mindre radio.”

Har du nokon gong i di tidelgare karriere som Radio Fres-general, journalist og årdøl so til dei grader snakka ned ditt eige produkt?

– Eit vanskeleg spørsmål, Kent, men eit rettvist spørsmål likeframt. Me må visa at me er vårt ansvar bevisst. Etter den påviste og forbløffande samanhengen mellom Radio Fres sin oppgang og dow jones-indeksen sitt fall i haust, må me ta eit steg tilbake. Vår suksess gjekk ut av proporsjournalistiske ledd, og forårsaka gigantuale samfunnskatastrofar over heile vår tredimensjonale klode. Samfunnet og dei økonomiale tilstandane må stabiliserast. Me tek ansvar, Kent! Difor vil me i enkelte krinsar selge Radio Fres som; “Radio Fres tek ansvar! Kunnskap, kultur, kritikk!” Men i områda indre sogn og omegn, der populariteten er på det aller grovaste; “Radio Fres – litt mindre radio.” Dette er mediestrategi, Kent! sa ein tydeleg agitert Magnar Kvalvik frå sin høge medievitarhest frå hvilken vi antek han ikkje kjem til å komma ned med det aller fysste.

Episode 1 av Radio Fres Podcast Season 3The Tripocalypse – kan nytast her.

3 replies

Comments are closed.