Leikanger Skateboardlag til kredibel festival i Fresvik

, ,

Leiinga snakkar kidsa sitt språk! Fo shizzl!

Leikanger Skateboardlag

Det var i føre månad at det vart avslørt over det folkelege vevsamfunnet “Facebook” at Leikanger Skateboardlag har fått i oppdrag frå den elitistiske leiinga i for den uavhengige festivalen Fres Festival i Fresvik å laga ei lita skateboard ramp som skal nyttast til ulike ungdommelege føremål under årets festival. Etter det Nyhende kan erfara er det sjølvast Sjefen for Leikanger Skateboardlag, Andreas Bremer Hawk, som står ansvarleg for dette herleg streetsmarte prosjektet. Etter seiande vil det verte tromma saman eit dugnadslag Fresvik ikkje har sett maken til sidan Fres Festival 2008. Dugnadsanda er som kjent høg i lag generelt og i skateboardlag spesielt.

Her er utdrag frå Leikanger Skateboardlag si gruppe på “Facebook”

Leikanger Skateboardlag har nyleg motteke oppdrag frå Fres Festival 09. Fres Festival ønsker at Lekanger Skateboardlag står for bygging og ansvar for ein mini ramp til festivalen. Eg, Andreas Bremer, står i dag som leiar ved organisasjonen og tek villig på meg ansvaret for prosjektet.

Nyhende, og andre kommentarbaserte nettpublikasjonar med dei, gjev seg ende over i beundring av den monumentale og altoverskuggande filantorpien som her vert lagt for dagen!

6 replies
  1. 2riuz
    2riuz says:

    Torjus Lundevall likar dette.

    Nei vent, det var på facebook det var slik. Kvifor har ikkje fresn.no denne ytterst meiningslause “likar dette”-funksjonen endå? Må vi vente til 2010 før vi får dette ypperlege supplementet til kommentarfelt? SKAM! SKANDALE!

  2. o_0
    o_0 says:

    sikre kilder vil ha det til at organisjasjonen het Leikanger Rullarring og ikke leikanger Skateboardlag

Comments are closed.