Leiinga anbefalar!

Leiinga overraskar med eit fredagstips!

Baconnaise

Det er ikkje ofte at den ubestikkelege leiinga går ut og anbefalar produkt, men akkurat i dette tilfellet let det til at til og med dei mest utilnærmelege idealistar har blitt gjort til nikkedukker for den globale kapitalen. Det var difor ikkje so reint lite oppstuss då leiinga for Fres Festival i Fresvik, festivalen der telt, godt vær og god musikk stå i fokus, fredag gjekk ut og på det varmaste anbefalte produktet Baconnaise. Kvifor denne brå flørtinga med storkapitalen, var eit av dei djuptpløyande og spørsmåla som vart stilt på ei ekstraordinær pressekonferanse.

– Du skjønar, Kent, at berre det å komma på ideen å blanda dei to beste produkta verda nokon gong har sett, ja det åleine er vert ei anbefaling frå ein uavhengig instans som leiinga for Fres Festival i Fresvik no ein gong er. Det er også heva over tvil J&D´s, som produserar dette heilfrekke produktet, på mange måtar har ein visjon som ein kan finna apor i tidlege konstisusjonelle skrifter for Fres Festival, nemleg; “Everythig should taste like bacon!” Nei, Kent, eg kunne ikkje ha sagt det kvassare sjølv, sa ein baconsvolten og moderat siklande Lars Tore Skau som til dageleg er leiar for Fres Festival i Fresvik, Vik Kommune, Sogn Indre.

5 replies

Comments are closed.