Leiinga anbefalar 3.0

Endeleg håp for dei som ikkje kjem seg opp om morgonen!

Kven har vel ikkje kome for seint til festival eller jobb som følgje av forsoving? Dette kan ein no med største lettheit unngå …

Ja, det er sant! Ved å installera dette heilfrekke produktet kan ein faktisk vakna opp kvar dag, til den herlege dufta av nysteikt bacon. Dette takk væra den herlege oppfinninga Wake n Bacon, som no er tilgjengeleg over det ganske internett. Wake n Bacon er ein symbiose som maktar å utlikna ei vekkarklokke sine forhatte eigenskapar ved hjelp av nysteikt bacon si universelle gledesspreiing, og med det forsyna nokon og ein kvar med ein god morgon.

Etter det Nyhende har fanga opp frå bloggosfæren har opptil fleire medlemmar av leiinga av ein ikkje namngitt, dog etter seiande rimeleg kredibel og keeping-it-real aktig festival i indre Sogn gått til anskaffing av ei slik herleg baconvekkarklokke.

På ein ekstraordinært tidleg pressekonferanse gjorde ein opplagd Lars Tore Skau greie for kor ekstremt lite han har forsove seg dei siste vekene etter at han har gått til anskaffing av ein Wake n Bacon.

– Nei, Kent, du vil verkeleg ikkje tru det, det er verkeleg ekstremt lite!

9 replies
  1. Fridvelt
    Fridvelt says:

    Fjordland har allereie ein lapsoddvariant. Ergo får ein lapsodd på pose slik som ståa er i dag.

  2. 2riuz
    2riuz says:

    OK. Kva med – kylling i aluminiumstrau? Haha, det høyrest no heilt bissart ut, kan ikkje finnast vel?

  3. Fridvelt
    Fridvelt says:

    Det er ikkje lov å sei Haha. Viss du syns du er så jævla morsom får du heller kleisa på eit emotikon!

  4. Lovehorn
    Lovehorn says:

    Heyhey! Alle veit at Lapsodd ikkje er noko som kjem ferdig laga i noko behaldar! Ein lyt sjølv setje den saman av dei ingrediensane som høyrer heime i Lapsodd.

  5. Fridvelt
    Fridvelt says:

    Men det er jo det Fjordland gjer med alle sine variantar. Dei set saman ingrediensane som høyrer heime i den aktuelle retten. Og puttar desse i posar.

  6. Håvard
    Håvard says:

    Janeialtso, du kan jo gå inn på fjordland dått no og sjå om dei tilbyr eit produkt med tittelen “Lapsodd”. Eller du kan berre trykke her, og sanninga vil koma for ein dag.

  7. LT
    LT says:

    Men nyttar dei kvalitetsråvarer? Eg tippar dei nyttar billege råvarer frå lågkostland.

    Ekte lapsodd inneheld berre råvarer frå Trondhjems. Hugs det.

    LT

Comments are closed.