Leiinga Anbefalar 2.0

Fre(s)dagen vert ikkje heilt den same utan.

Mo's Bacon Bar

I beste fredagsmagasin-stil slo leiinga for Fres Festival i Fresvik til med nok ei kulinarisk anbefaling til glede for nye og gamle lesarar. Etter førre veke sin suksess, Baconnaise, fleskar leiinga no til med baconsjokoladen Mo´s Bacon Bar! Få om ingen hadde vel trudd at ein slik kombo var mogleg på komma på, men leiinga er djervare enn som so, og etter ei lita veke med intens googling kom dei fram til denne godbiten. Debatten let ikkje vente på seg, og på internettet sine tallause fora gjekk debatten alleie lågt og litt høgare enn lågt om dette kan tolkast som nok eit teikn på at leiinga er storkapitalen sin diegris.


Kalla inn til ekstraordinær pressekonferanse
Det var for å sløkkje desse mange småbrannane før dei utvikla seg til noko større at den handlekraftige leiinga for Fres Festival i Fresvik, festivalen der øl, telt og musikk er i fokus, kalla inn til ei hastepressekonferanse tidleg fredag morgon. Det var ei nydusja leiinga som tok i mot eit imponerande og ikkje minst gravande pressekorps i vandrehallen på Fres HQ i Fresvik, Vik kommune.

Førre veke anbefalte de og eit produkt til festivaldeltakarar og andre, er de i ferd med å verte eit slags forbrukarprogram, eller har de rett og slett selt ut?

-Eit vanskeleg spørsmål, Kent, men eit rettferdig spørsmål likevel. Vi i Fres Festival er oppåtekne av at folk generelt og festivalgjengarar spesielt skal få dekt inn sitt daglege behov for salt, protein og kanskje litt flesk. Det er difor vi anbefalar desse produkta som vi meinar kan dekka desse behova på ein framifrå måte. Det foreligg i dag ikkje nokon intensjonsavtale mellom Fres Festival i Fresvik og ulike globale baconproduktproduserande konsern. Men for all del, vi går ikkje av henjavegen for ein god dose bacon til frukost eller brønsj, sa ein fingerfeit Gunnar Husabø idet han bankar nedpå Farris, eller var det kankskje Bris.

1 reply
  1. Gunnar
    Gunnar says:

    Fres Baconfestival! Om det berre hadde vore eit produkt som kunne kombinere øl, telt og musikk i ei fin innpakking av bacon, hadde vi på ein måte vore i mål…

Comments are closed.