Fres Statistiske Bureau attende med sjokkerande avsløringar!

fressb

Statistikkbureaua sitt opprørske søskenborn er attende!

Nok ein gang går det sjokkbølgjer gjennom statistikkmilieuet i Noreg i det Fres Statistiske Bureau, ved statistikkadmiral Øyvind Vormeland Salte, gjer det klart at dei ei heller i år kjem til å ligga på den statistiske latsida. Med avslørande statistikkar, djerve prediksjonar og nytenkande analysar vil FresSB forsyna den beleste og opplyste festivalgjengar med alt han eller ho kan tenka seg av tal og val. Den fysste statisikkmeldinga, FOS 2009:1, er allereie publisert og avdekker samanhengar mellom den globale økonomiske nedgangen og RadioFres sine lyartal. Statistkkmeldinga føreligg som alltid på smekkert riksmaal, og kan nytast i si heilskap her.

RadioFres General stiller seg undrande.

I ein kommentar til Nyhende, seier ein stivpønta Magnar Kvalvik at han ikkje kan sejta årdalsfingern på akkurat kva for høgthid som står for døra i desse dagar, men at han ønskjer den globale økonomien god betring. – Må deh! E ha hus der eh! Huuuuus!


19 replies
  1. Øyvind
    Øyvind says:

    Takk for din tilbakemelding. Du har nå takket ja til å bli oppringt av vårt call centre for forbruks- og levekårsundersøkelse. Undersøkelsene gjennomføres jevnlig men ikke hyppigere enn tre ganger per dag.

    FresSB

  2. 2riuz
    2riuz says:

    Nei! Kan eg ikkje berre ta alt her? Er kvinne, 14 år, lesbisk, har to fedre men inga mor, utdanna i rosenterapi, stemmer FrP, drikk to liter blåbærbiola kvar dag, Grey’s Anatomy er favoritten på TV, likar den Tommy Steine-telefonreklamen, skeptisk til hijab og rallarhatt, lastar aldri ned musikk illegalt frå internett, Sigbjørn Råsberg er min favorittbloggar på sognavis.no.

    Var vi over alt då?

    • Gunnar
      Gunnar says:

      Og nei til ralling og sjog i gatene i Fresvik. Og ingen tylakøyring eller uprovosert fylleblogging heller…

  3. 2riuz
    2riuz says:

    Eg er sikker på at det er ein ubetydeleg skrivefeil i postinga her ein eller annan stad. Idiotar.

  4. oyvindvs
    oyvindvs says:

    Juhu!! Nå har vi en komplett db.no-nettdebatt!!! Nå mangler vi bare en Nyhende-sak som forklarer hvordan DU får mindre rompe så er vi i mål, Anne Aasheim-style!!

  5. 2riuz
    2riuz says:

    Er du sarkastisk? Om du er så jævla masse betre enn oss vanlege FrParar, kvifor brukar du tid på å skrive kommentarar her då? Du er idiot, kommunist, og moglegens Hitler.

Comments are closed.