Kvalvik hits the big three o!
Gratulantane har i heile dag stått i ein lang lang kø utanfor kontoret til Radio Fres general, fotballkommentator, årdøl og generell good-guy Magnar Kvalvik. Mannen som puttar kvalen i Kvalvik og arret i Magnar går i dag nemleg inn i det som på folkemunne vert referert til som tredveåra, her representert ved Pia Tjelta, landets mest tredvete tredveåring.

Nyhende kom som einaste uavhengige nettpublikasjon i Fresvik i føremiddag i kontakt med Kvalvik, som var travelt opptkeken med å setja blomsterkvastar i vatn i frekt machandet blomstervasar, og fekk ein kommentar til jubileumet:
- Jau, no skal du høyra kolon! Det føles riktig, eg har vore tredve te sinns i 12 år, no e eg ikkje veslevoksen lenger. Eg e vaksen, ikkje voksen eller veslevaksen, eller veslevoksen!
Nyhende og heile Fresorganismen elles sender sine mest intense gratulasjonar på den store dagen!
Mådeh! Grattis med dagen sjef! Her e kebaben din sjef!
Grattis frå Systrond, såkalla Systrondsgrattis, med dagen!
Systrondsgrattis og greier! Da e faen meg dan beste og høgast utanna gratulasjonen ein tredveåring kan få!
Eg takkar slik ein kjekk, tredvete gut skal, må og bør takke! Om Pia e det mest tredvete, kvar på lista ligg eg? Og evt kor mange år må ein ha vore tredve før ein kvalifisera te topp 10 på tredvete lista? Eg tek opp den kampen med lyst og iver!
Gratulerer med dagen!
Grats, grats. Du er eit godt stykke under Pia Tjelta og svært, svært langt over Kristian Valen på tredvete-lista. For å betre din framtidige thirtysomething-rating har eg sendt inn forslag om deg som utfordrar med grunngjevinga “Ein fersk 30-åring som er stram både i fisk og kommentatorstemme”, her: http://www.sol.no/underholdning/kremtoppen/topp10menn.php