Bloggar avdekkar at moglegheitene for å føre av på Fres no er større enn nokon gang. Det er i bloggosfæra det skjer. So også for Fres Festival sin del. Natt til mandag (for real!) kom det nemleg fram i denne bloggen at det på årets Fres vil væra mogleg å føra av bak noko anna enn jorbruksplast. Nyhende spår at kubikktalet vil auka radikalt frå fjordåret.
Årsarkiv: 2008
Fresn — no og med state of the art sanitæranlegg
Damer og herrar, vi har fått to stykk alvorleg digre dassar inn på området. Dette er verken dei tidlegare åras så primitive (men sjarmerande) plank-med-hol-løysinga eller flimsy velte-ferdige plastdassar som ein kan finne på mindre kredible nybyrjarfestivalar kring landet. Dette er seriøse, stabile, vintage dassar med stor kapasitet og av ypparste kvalitet.
Siggen og Jon henta dassane i Førde på søndag, og etter ei strabasiøs ferd kom Siggen køyrande inn på tunet ved midnatt i ein lastebil med løftekran og dei to nemnde sanitæranlegga på planet. Sjå biletet og gled dykk til å føre av.
Kvinnfolk til gards
I dag vart eg vekt av ein telefon frå Trygg Rygg Bygg, som kunne melde om at han stikk ein tur innom Skau på fredag. Han kjem med noko byggeplast og ein stor dose ingeniørfagleg kompetanse. Då skal vi utvide scena. I følgje Ryggen kjem dette til å ta omlag ein time. Av anna nytt kan eg melde om at:
- LT og eg tok ein tur på bui, som kanskje kan halde ope til klokka 1500 på laurdag.
- T-skjorter skal gå i trykken neste veke, takk til bl.a. Øyrehagen, Ryggen og diverse andre.
Det var den arbeidsdagen. HES og Kristin kom innom akkurat i tide til å rekkje ein øl før vi reiser ned til Reidar på hjortelår-middag. Dette vert stas.
Ponas returnerar til Skausgarden
Også i år vil Ponas stilla på Fres Festival med herleg frekk elektronika!
Det var stor stemning i Fres HQ natt til tirsdag då det endeleg vart klart at fjorårets store elektronikaoverrasking, Ponas, tek turen til Skausgarden siste helga i Juli 2008. Bookingavdelinga melder at dei har spretta sjampis og sprettballar i ein heil dag til endes no, og at sprettinga antakeleg vil tilta utover kvelden.
Nyhende kjem attende med Geir.
Sjekk ut Ponas på Myspace






