My Parents House utgår.

Nok eit band må kansellera på Fres. Ikkje lenge etter den tunge beskjeden om at The Big Almost og Rubini måtte kansellera sine konsertar på årets Fres, vart det klart at My Parents House også må avlysa årets show. Dette på grunn av sjukdom.

– Leit at ikkje MPH kunne komma, men vi har full forståing for at når alt kjem til alt, ja, so må nesten helse komma først, sa ein fatta Gunnar Husabø på ei ekstraordinær om enn noget Farrisfattig pressekonferanse mandag kveld.