Kvinnfolk til gards

I dag vart eg vekt av ein telefon frå Trygg Rygg Bygg, som kunne melde om at han stikk ein tur innom Skau på fredag. Han kjem med noko byggeplast og ein stor dose ingeniørfagleg kompetanse. Då skal vi utvide scena. I følgje Ryggen kjem dette til å ta omlag ein time. Av anna nytt kan eg melde om at:

  • LT og eg tok ein tur på bui, som kanskje kan halde ope til klokka 1500 på laurdag.
  • T-skjorter skal gå i trykken neste veke, takk til bl.a. Øyrehagen, Ryggen og diverse andre.

Det var den arbeidsdagen. HES og Kristin kom innom akkurat i tide til å rekkje ein øl før vi reiser ned til Reidar på hjortelår-middag. Dette vert stas.

Sofa-teamet