Fresvik ynskjer oss velkomne attende

Fire hagestolar på tunet

Fire hagestolar var det første vi fekk auge på i går, når vi kom køyrande inn på tunet på Skau. Dei stod vende med utsyn mot kyrkja og fjorden. Inne i huset hadde eigarane gjort eit formidabelt innreiingsarbeid, med nye møblar og brune- og kvitevarer. Her skal vi opphalde oss i dei kommande tre vekene, og vi gledar oss som ungar.

Dei som vil ta turen innom og helse på, kanskje ta ein kopp kaffi eller ei øl, er hjarteleg velkomne. No skal vi ein tur på bui.

Dette innlegget vart lagt inn i Fres 2008. Bokmerk fastlenkja.

5 svar til Fresvik ynskjer oss velkomne attende

  1. PC seier:

    Me gledar oss som ungar, avdi me ungar er.

  2. Håvard seier:

    faen, feit blogoppussing her mann!
    h

  3. 2rjuz seier:

    Kjem på vitjing måndag/tysdag om to veker om de vil ha meg. Er nevenyttig på kjøkenet (kun der), innsatsviljug, og kompatibel med mange om ikkje alle typar seksuelle perversjonar.

  4. Gunnar seier:

    På vegne av oss i Fresvik, ja takk. Vi treng kåbbåifrukost.

  5. Konrad Flemming seier:

    Fantastisk start på blokt-sommeren gutter! Én blogg så holder det. Ikke mer oppdatering nå!!