Fresn — no og med state of the art sanitæranlegg

Damer og herrar, vi har fått to stykk alvorleg digre dassar inn på området. Dette er verken dei tidlegare åras så primitive (men sjarmerande) plank-med-hol-løysinga eller flimsy velte-ferdige plastdassar som ein kan finne på mindre kredible nybyrjarfestivalar kring landet. Dette er seriøse, stabile, vintage dassar med stor kapasitet og av ypparste kvalitet.

Siggen og Jon henta dassane i Førde på søndag, og etter ei strabasiøs ferd kom Siggen køyrande inn på tunet ved midnatt i ein lastebil med løftekran og dei to nemnde sanitæranlegga på planet. Sjå biletet og gled dykk til å føre av.

Festivaldassar til Fresn

2 replies

Comments are closed.