Ein blog for bloggen si skuld

Førebuingane til den vidgjetne festivalen har i dag vore langt over middels. 9 stk scenebarrikadar har vorte frakta Sogndal – Fresvik (via Hella – Vangsnes), og diverse andre prosjekt er under oppsegling. Gunnar (betre kjend som Senior Consultant) kom til Skau godt over midnatt, etter å ha forklart fresaktuelle artistar korleis trommestikkene skal svingast. Per Christian Grov (AKA “The Generous Grov”) har akkurat krøpe til køys, og det trur eg er ein god ide. 2 veker igjen and counting. Dette blir legendarisk.