årets Fres-program er klart!

Utan blautkake, men med ein stor dose høgtidelegheit, presenterte Fresn-leiinga i dag programmet for årets festival. Dei fleste artistane er allereie presentert på nettsidene, men no kan ivrige festivalgjengarar altså notere inn på PDA-ane sine (med reminders, må vite) når dei må infinne seg på Skau, midt staur i Fresvik, for å sjå artistar som bl.a. Canoon, The Barrels, Tyyl! og Monica Eide. Diverre måtte leiinga samstundes melde om at to band har avlyst turen til Fresvik. Dette er The Big Almost og Rubini.
– Synd for dei, men då får vi litt meir tid til å grille, seier ein oppglødd festivalgjest.

.