Fres to the rescue!

Skuffa Quart-deltakarar slepp gratis inn på Fres Festival!kvart Etter at Quartleiinga for nokre dagar sidan innsåg at det ikkje er mogleg å betala for sjel, og med det måtte legge ned heile båten, har enkelte andre festivalar i landet tilbudt dei som har kjøpt festivalpass for Quarten å få byte desse vederlagsfritt i festivalpass for sine respektive festivalar. Fres Festival i Fresvik, Sogn Indre, er sjølvsagt ikkje noko dårlegare, og seint seint tysdag kveld vart det klart at også dei kjem til å tilby folk med festivalpass til Quart "festivalen" gratis inngang. Personar med festivalpass til Quart treng berre framvise desse på billettkontoret, det vil sei i grinda på Skausgarden, midt i beste Fresvik.

Nyhende kunne som einaste nettbaserte og paripolitisk uavhengige nettmedium rapportera direkte frå festivalleiinga si ekstraordinære pressekonferanse på Verftet i Bergen.

– Lat det væra sagt, vi tykkjer først og fremst at det er synd for det norske folk at dei ikkje lenger kan reisa til Kristiansand ein gang i året for å oppleva kvitbebelta pannebandsbærande bærumsungdom på sossefylla, samt konkurrera i sponsor-freebie konsum. Vi vil derfor freista å gjera det vi kan for å letta på dette tapet. Alle som kan framvisa festivalpass for Quart, altso det som gjeld for heile festivalen og som ikkje er eit festivalpass som er skaffa via sponsor og bedriftsavtalar, kan byte dette i eit festivalpass for Fres Festival, sa Gunnar Husabø og Lars Tore Skau frå leiinga meir eller mindre i kor.

This just in! Første utanlandske band bekrefta til Fres Festival

Svenskane i The Big Almost(S) tek turen til Fresvik!! Det var natt til tysdag at det vart kjent at det The Big Almost (S) frå Gøteborg tek turen like frå utlandet for å dra frekke låtar på Fres Festival, Fresvik sin eigen internasjonale musikkfestival. The Big Almost stiller med herleg herleg indie-impro-pop som dei framfører i trioformat med ingen ringare enn vitale øyvind Hegg-Lunde bak det vi må anta vert eit betvåga trommesett.

Booking avd. Utland ved Fres Festival var i dag tidleg ikkje tilgjengeleg for kommentar, men etter det Nyhende avd. Gravande Journalistikk har avdekka, er det jubel so langt øyre kan høyre der i gården. Impro-indie-pop er jo som kjent ein sjanger som er på veg opp. Musikkredaksjonen i Nyhende meinar dette kan koma til å verte ekstremt vitalt.

The Big Almost (S) vert å høyra å sjå ein gong mellom 25. og 26. Juli i Fresvik, Vik Kommune.

Nytt band bekrefta!

Emancer klare for årets Fres! Medan nokre festivalar er opptekne med å avlysa, er andre opptekne med å sørga for å booke metal-band frå Luster. Fres Festival er i sistnemnde kategori. Natt til måndag vart det nemelg klart at Mithrin tek med seg resten av Emancer til Fresvik for å spela låtar frå den nyss slepte plata Twilight and Randomness.

Orkesteret Emancer

Orkesteret Emancer

Det var ei jovial bookingavdeling som tidleg måndag morgon møtte ei mannsterk metallpresse på Elm Street for å svara på spørsmål om denne kredbookinga.

– Vil vi altso få høve til å oppleva Emancer med fullt band?

– Eit kinkig spørsmål, Kent, men eit godt og ikkje minst rettferdig spørsmål. Vi har vore i tett kontakt med Mithrin og dei andre Emancer karane dei siste vekene for å få på plass detaljane for denne bookinga, og vi har fått garantiar i bøtter og spann på at det vert eit Emancer med kjøttrommis og det heile. Det vert altso ikkje Emancer06. På ei anna side vert det nok ikkje heilt fritt for klede med glitrande paljettar på, sa ein farrisslurpande Gunnar Husabø frå bookingavdelinga på Fres Festival.

Sjekk ut Emancer på Myspace.

SKANDALE!! LEIINGA MYSSER HOVUDET!

Ramaskrik idet tidlegare kedibel festival DOBLAR billettprisen!

Kapitalistisk grådigheit

Kapitalistisk grådigheit

Det som ein gong var mannen i gata, folket på golvet og den den jamne mann sin festival, Fres Festival, sjokkerte natt til fredag heile Fresvik og landet elles idet den kunngjorde at årets festival vert heile 100%(!) dyrare enn tidlegare. Dette betyr at blodsugarane i leiinga dermed flår dei stakkars festivalgjengarane for uhøyrte 200,- kroner for eit usselt weekendpass! Ikkje sidan Terradagane har det vore vitne til slik ein finansiell skandale i Vik Kommune. Spekulasjonane går no høgt og lågt i om leiinga har blitt storkapitalistar og har fått smaken på fast cash og den opne marknaden.

Det var ein halvstressa Gunnar Husabø frå leiinga som tidleg fredags morgon svarte på spørsmål frå eit hissig og mannsterkt pressekorps.

Kvifor slikt eit ran av ei prisauke? Kvifor!?

– Vi har i det siste fått ein del fleire utgifter enn vi hadde sett komma. Difor ser vi oss no nøydde til å skru prisen opp frå latterlege hundre flis, til monumentale tohundre flis for festivalpasset. Men vi håpar sjølvsagt at denne urovekkande høge prisen ikkje vil skremma nokon festivalgjenarar frå å ta turen siste helga i Juli.

Denne artikkelen vert løpande oppdatert