Nytt band bekrefta!

Emancer klare for årets Fres! Medan nokre festivalar er opptekne med å avlysa, er andre opptekne med å sørga for å booke metal-band frå Luster. Fres Festival er i sistnemnde kategori. Natt til måndag vart det nemelg klart at Mithrin tek med seg resten av Emancer til Fresvik for å spela låtar frå den nyss slepte plata Twilight and Randomness.

Orkesteret Emancer

Orkesteret Emancer

Det var ei jovial bookingavdeling som tidleg måndag morgon møtte ei mannsterk metallpresse på Elm Street for å svara på spørsmål om denne kredbookinga.

– Vil vi altso få høve til å oppleva Emancer med fullt band?

– Eit kinkig spørsmål, Kent, men eit godt og ikkje minst rettferdig spørsmål. Vi har vore i tett kontakt med Mithrin og dei andre Emancer karane dei siste vekene for å få på plass detaljane for denne bookinga, og vi har fått garantiar i bøtter og spann på at det vert eit Emancer med kjøttrommis og det heile. Det vert altso ikkje Emancer06. På ei anna side vert det nok ikkje heilt fritt for klede med glitrande paljettar på, sa ein farrisslurpande Gunnar Husabø frå bookingavdelinga på Fres Festival.

Sjekk ut Emancer på Myspace.