Første statistikkmelding klar!

Dynamisk underavdeling med hyggeleg melding til leiinga!statistikk

Det som såg ut til å verta ein roleg dag på jobben for leiinga skulle etterkvart syna seg å innehalda meir enn dei hadde trudd. Like før lønsj tikka nemleg årets første statistikkmelding frå Fres Festival sitt eige statistiske bureau FresSB inn på ein frekk faks. Tala i statistikken syner mellom anna at Fres Festival er hovudårsak til til dels ekstrem trivsel i Sogn og Fjordane Fylkeskommune i det tidsrommet som er slik at det er identisk med det tidsrommet Fres Festival utspelar seg i. Sjå graf over.
Ansvarleg for statistikkmeldinga er bureausjef i FresSB, øyvind Pierre Vormeland Salte(bilet under), og han seier i ein kommentar at desse tala syner den posisjonen Fres Festival har opparbeidd seg, og kor viktig festivalen er for trivsel generelt og for ?trivselsfylket? spesielt.

Øyvind V. S.

Øyvind V. S.

Om dette innbær at Fres Festival no lyt stilla med leiinga samt større delar av Fresorganisma på kongress i Oslo, med gratis tapas og glansa brosjeurar og anna er enno ikkje komt på det reine, men bureausjef Salte seier i alle fall i ein opplyst riksmaalskommentar:

– Det ere hevet aaver tvivl at disse tall ere correcte og dermed en affspegling aff virkeligheten. Jeg, i kraft aff at vaere bureauchef, kan med dette garantere at det er affkrevet avføringsprøve fra alle tilsatte paa et lavere niveu. Dette for aa tilsidesette all tvivl om disse talls factisitet.

FresSB sine tal si klare tale kan gåast etter i saumane her.