Atter eit band bekrefta til Fres!

,

My Parents House dukkar opp Fres Festival, Festivalen som er lokalisert i Fresvik, Fresvik er ei bygd i Vik Kommune, Fres Festival finn altso stad i Fresvik! Stemninga må ha stått i taket på bookingkontoret til den uavhengige festivalen Fres Festival i Fresvik, då det natt til torsdag endeleg vart klart at det jovialtrivelege popbandet My Parents House frå Bergen og Balestrand tek turen til Fresvik siste helga i juli år åtte. Nyhende har som følgje av historisk greindramatikk på Vangsnes ikkje makta å komma seg til Fres Festival sitt hovudkontor på Skausgarden for ein kommentar, men ryktet i bransjen tilseier at leiing so vel som bookingavdeling ser på det heile som eit skup av globale dimensjonar. Derimot greidde Nyhende si Avdeling for Etteretning og Kontraspionasje å knipsa det som etter seiande er det siste registrerte bildet av ein person som moglegvis eller moglegvis ikkje kan væra bassisten i My Parents House.

Trykk eple-R for å oppdatera artikkelen