This just in! Interplanetarisk band til Fres!

,

Live at the Moon landar på Skausgarden til sommaren! One small step for Fres, on gigant leap for Freskind! Natt til tirsdag vart det klart at bandet Live at the Moon tek turen til Skausgarden for å skjemma vekk fresvikjer og andre med herleg frekk rock av klassisk karakter. Dette borgar for endå ei stor musikkoppleving i Fresvik siste helga i juli. Det var med dette in mente at leiinga, hvis agilitet neppe eller ikkje kan påpeikast nok gonger, tok med seg booking avdelinga og kalla inn til ei ekstraordinær pressekonferans på lunsjrommet til geografisk institutt ved UiO.

-Kan bookinga av dette bandet tolkast dit hen at de har slutta å administrera den berømte geografitesten dykkar?

Eit utfordrande, men likeframt velformulert og berettiga spørsmå, Kent, likeframt berttiga. I kraft av å væra ei kompakt og agil administrativ einig, har vi kome fram til at stadig lyt tilpassa seg, for ikkje å verta hengade etter i eit stadig meir dynamisk og macciatotrekt samfunn. Det er på grunnlag av dette at vi no set musikalsk kvalitet framfor kunnskap om geografi og slang for kontinent i den sydlege hemisfære. Det er difor med ekstrem glede vi kan presentera Live at the Moon, eit band som tykkjer det er festlegare å spela i band, enn å sitta, lik Drillo sat, og gni sine fjes i ulike kartbøker og leksika, sa ein fagkritisk Gunnar Husabø på spørsmål frå den gargantuanske presseoppbodet.

Sjekk ut Live at the Moon her.