Hard kritikk mot Fresn

Ein kar som «brenn for bordhockey» har sausa saman ein bloggpost der han rangerer festivalane i trivselsfylket. Han gjev Fresn sisteplass, saman med Fotballflora i Sunnfjord.

Ingve Lende: Festivalsommar

Han seier bl.a. at det er ein «festival for festivalen si skuld». Som jo er betre enn å f.eks. ha ein festival for mor di si skuld.

P.S. Støtt Vadheim.

“Nytt” band bekrefta!

Schteinhard konsoliderar sin posisjon på Fres!

Breilid på mopedtur

Breilid på mopedtur

Det var i pinsehelga det vart klart at Schteinhard, og kjent som udyret frå skogen, nok ein gang kjem til å vitja Fres Festival! Faren for at det vert moglegheit til å få eit glimt at B. Breilid i full IL Modig uniform vert dermed moderat til overhengande.

Det var difor ei munter festivalleiinga og bookingavdeling som mandag ettermiddag møtte eit mannsterkt presseoppbod på Kunstnernes Hus i Oslofjørao.

- Representerar dette brot eller kontinuitet i eit Freshistorisk prespektiv?

Eit kinkig spørsmål, Kent, men likevel eit godt og ikkje minst rettferdig spørsmål. Det er heva over tvil at samfunnet slik vi kjenner det i dag, ikkje hadde fungert optimalt hadde det ikkje vore for at pressa generelt, og musikkpressa spesielt, syter for at sentrale aktørar vert tvinga til å etterstreva koherens i sine handlingar og ytringar. Det er difor ekstra gledeleg for oss i Fres Festival at vi kan presentera eit band som Schteinhard for festivalpublikummet, ytra ein ulasteleg antrekt Gunnar Husabø frå høvesvis festivalleiinga og eit ikkje namngitt revisorfirma.

Foto Ole Ramshus Sælthun. Il Commandante de Schteinhardium Breilid i midten. På FZ.

Fresaktuelt band spelar på Hove!

Ikkje berre i Fresvik kan ein til sumaren nyta swanky sumarpop!

The Generous Dayses

The Generous Dayses

Det var med ikkje spesielt lite glede at Nyhende natt til i dag mottok eit presseskriv frå det Oslobaserte sogne/nordfjord bandet The Generous Days, der det stod å lesa at dei kjem til å behaga arendalittane med sumarlåtar og blomstertema på Hovefestivalen i sommar.

Lars Tore Skau frå leiinga i den langt meir kredible og uavhengige festivalen Fres Festival i Fresvik, Sogn Indre sa i i ein kommentar i formiddag: – Kjekt at også ein nybyrjarfestival som Hove får høve til å syna reelle artistar, det er kjekt for ungane det!

Trykk F5 for å oppdatera artikkelen.