RadioFres! Endeleg attende!

Radio-Noreg frå seg av skrekkblanda begeistring idet landets frekkaste og mest dynamiske radiokonsept returnerar!

Radio Fres

Radio Fres

Det var natt til 3 april at RadioFres med brask og bram la ut ein flett ny podcast på den kredible nettportalen fresn.no. Etter det Nyhende i skrivande stund er det framleis årdals ubestridt største son og høgast kvalifiserte medievitar Magnar Juan Kvalvik som er kaptein for ei radioskute som seglar for fulle segl inn i radioverdas internasjonale farvatn. Det er med andre ord ei stø hand som kjem til å manøvrera den agile mediefarkosten som er Radiofres gjennom ulike farvatn der skjær og fiendtlege ubåtar so vel som tett tåke lurer på horisonten. Propellert av framifrå radiohandverk og olja av talentlaus humor kjem, etter det Nyhende i skrivande stund kan erfara, SS Radiofres til å klappa til kai på campstage på Skausgarden siste laurdag i Juli for eit ekstraorinært liveshow der fleire av dine Radiofres favorittar kjem til å delta.

– Jah! No ere høgti! E ha pønta meh! seier ein mildt ekstatisk Magnar Kvalvik frå RadioFres i ein fax.

RadioFres podcast kan nytast her.