Ny påskekrim med Jon!

Like sikkert som mannskorrevy og lange quizar i avisene, er den hatteberande privatdetektiven Jon Jansen attende som påskekrimhelt. Denne gongen er ein dyrbar Ming-drage stolen frå den eksentriske samlaren Mr. Chan, og det er opp til Jon å løysa opp i floka.

Sjå påskemysteriet her!
I regi av ei styringsgruppe regulert under ei co-sourcingsavtale mellom fresn.com og jockorecords.com, vert den nyvinnande krimmen lagt ut som konkurranse for tredje år på rad. Nytt av året er at serieskapar Joachim Svanhildarson «Kimselimsen» Laberg har laga ei eiga Jon-side på jockorecords.com, der ein kan få tilgang til både årets påskekrim og dei to tidlegare Jon-historiene som har vorte publisert på fresn.com.

Det fagfolk innan påskekrimbransjen no spør seg, er om seieren i konkurransen nok ein gong går til øyvind V. Salte.