TVNorge doku-team på veg etter at aprilspøk syner seg å væra ein sann spådom! Fresvik vil til Leikanger!
Den alltid agile leiinga kalla natt til i dag inn til ein ekstraordinær pressekonferanse Raddison Skau der dei med si sedvanlege no bullshit tilnærming til fakta svara på spørsmål frå eit massivt presseoppbod.
-Er det medlemmar av leiinga som per i dag kan reknast som synske, og kjem de til å selje dette medlemmet til TVNorge?
– Eit vanskeleg, men eit rettferdig spørsmål, Kent. Men nei, diverre er ingen av oss i leiinga sysnske, ja, forutan spådommar som vedkjem været sjølvsagt, og me veit rett og slett ikkje kvifor Fresvikjene har lyst å verte ein del av Leikanger, kommunen med det høge utdanningsnivaeuet og den enorme mengda offentlege kontorjobbar. Men at det har ei eller anna samanheng med den forutsette Fres Bokfestival på folkebiblioteket på Hermansverk, der kjeks so vel som nypete vil verta å få kjøpt, ja det må væra heva over tvivl, sa ein usedvanleg jovial Gunnar Husabø frå leiinga mellom mengder av forfriskningar med smak sovel som karbontilsetjing.
