Ny adresse til landets frekkaste vevside!

fresn dot no

fresn dot no

Fres Festival goes .no!
I desse dagar er det viktig å væra tilgjengeleg på verdsveven. Få om ingen har forstått dette betre enn leiinga for Fres Festival, ein liten og monstrøst uavhengig festival som finn stad i Fresvik, Vik Kommune, Sogn Indre, kvart år siste helga i juli. Fram til no har Fres Festival lagt seg på ei internasjonal linje med ei vevadresse som sluttar med postfixet .com. Dette for ikkje å avskrekka britar og andre som uforvarande skulle surfa i cybernabolaget. Tirsdag kveld vart derimot klart at Fres Festival sine heimesider no og kan nåast på adressa www.fresn.no, sovel som den den gode gamle www.fresn.com

At Fres Festival no har teke steget og skaffa seg ei .no adresse er berre nok eit teikn på leiinga si emne til å tilpassa seg det det stadig skiftande terrenget i det som ganske misvisande vert referert til som informasjonsmotorvegen. Nyhende greidde etter å ha pressa på med sine aller mest anonyme, og dermed aller best beskytta, kjelder å få ein kommentar frå Gunnar Husabø, kjent frå Fres IT sovel som frå leiinga.

– Jau det stemmer, Kent. Vi i leiinga ser på dette med internett og edb-maskiner som noko som kjem til å verte stadig viktigare i tida som kjem. Eg vil faktisk gå so langt som til å hevda at "internett" er framtida, seier ein Farris-pimpande Husabø idet han hastar av garde til eit eller anna møte.