Kalamazooooooo! Programmet e heeeeeeer!!!

Etter eit knapt år med intens venting frå Noreg og norden elles er Fres Festival 2007 programmet endeleg frigjort! I det som berre kan bortforklarast som ei forykking i tid/rom kontinuiteten vart det endelege programmet for den kredible festivalen Fres Festival i den vesle vestlandsbygda Fresvik natt til laurdag endeleg gjort offisielt! Bookingfolk over det ganske Grunerløkka har etter seiande allereie meldt seg til sitt lokale NAV Arbeid kontor på jakt etter dagjobbar etter at dei har sett det som berre kan sjåast på som det ultimate festivalprogram. Her er alt frå støy til sumarpop, med ein god dose punk, rock og bluegrass dandert over det heile, skal vi tru ein til dels ekstatisk Gunnar Husabø frå leiinga.

Programmet kan sjåst, nay, opplevast heeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeer.