Galleriet er oppe!

Leiinga prioriterar nok ein gong handling framfor ord!
I det som berre kan tolkast som endå eit teikn, i ein etter kvart ekstremt lang serie av teikn på leiinga si emne til handlekraft, dynamikk og agilitet, vart bildegalleriet frå Fres Festival 2007 natt til torsdag lagt ut på fresn.com. Bileta i galleriet er i hovudsak teke av den gravande so vel som garva journalisten Terje Eggum frå kulturavisa Sogn Avis, men kjelder djupt inne i Fresorganismen kan melde om at enkelte bilete er tekne av festivaldeltakarar, og at endå fleire bilete etterkvart vil dukka opp. Bileta står, i følgje Per Christin Grov frå leiinga som eit vitnesprov på det som er eit av Fres Festival sine mantra; -Det er alltid godt vær på Fresn!- Om dette syner seg å væra godt vær for avlingar, vassreserverar og anna, er noko leiinga på ikkje finn det hensiktsmessig å ha nokon meining om.

Nyhende fekk natt til i dag vrista følgjande meining ut av Grov frå leiinga.
-Dersom vi skulle hatt ei meinig om alt, hadde det ikkje vorte tid til noko Fres Festival, seier ein kampklar Per Christian Grov mellom to munnfullar Schousbab i ein til dels frekk kommentar. Om Grov smakte på bilen er i skrivande stund ikkje på det reine.

Galleriet kan erfarast her, eller ved å klikka på gallerilinken på framsida.