After the fact! Snøfres inntok, nay, hærsette Bergen!

Fres-relaterte og/eller aktuell band skapte åtgaum i vestlandshovudstaden! Det var natt til sundag 2. mars at ei rekke band som anten har spelt eller skal spela på Fres Festival rocka, pønka og i enkelte tilfelle popa ein ikkje namngitt konsertstad i Bergen sentrum. Etter det Nyhende sine kjelder, hvis anonymitet vert verna med nebb og klør, kan melda om var det snakk om banda Roadkill, The Generous Days, Bombeklüchter, Kaosgenerator og Beinkjør, alle kjente og til dels kjære namn for den gjengse Fresgjengar. Konserten var arrangert for å skapa medvit rundt fenomenet Fres Festival også utanfor Fresvik sine grenser, noko den etter aller siktemål gjorde, med fem band som leverte klassekonesrtar på tross av matforgifting, revyar og anna.

Arrangør for dette etter det Nyhende har fått greie på heilfrekke opplegget var Kjetil Sæter og det særs agile eventbureauet Sæter Events. I følgje kjelder djupt inne i dette erfaringsrike eventbureauet kom det godt over 200 ansikt på konserten, noko som kan gje nokon og ein kvar tru på “framtidsfylket” likevel.

Det har i skrivande stund ikkje lukkast Nyhende å komma i kontakt med nemnte Sæter for ein kommentar til korleis det er mogleg å mønstra på dei mengder filantropi som må til for å dra i gang eit arrangement som har som mål gjera folk merksame på ein audmjuk festival i Sogn Indre. Det lukkast derimot etter lange samtalar med ulike forværelser å få vridd ein kommentar ut av ein usedvanleg oppteken Lars Tore Skau frå fesetivalleiinga
– Jau Kent, Snøfres var ein formidabel kveld på ein fullsett, skjønt ikkje namngitt konsertstad i Bergen sentrum. I tillegg til å takka det takknemlege publikummet og dei hardtarbeidande musikarane, vil eg retta ein spesiell takk til Kjetil Sæter og alle dei dynamiske medarbeidarane, orsak, konsulentane, i Sæter Events for eit framifrå arrangement, sa ein oppglødd Skau idet han hasta vidare for ein tildels viktig jobblunsj med ein mellomleiar.