Buzzword 2.0 i pipeline (kva skjer med fresn.com)

IT-avdelinga, Fresvik Says (a.k.a. Fres Grafisk) og Nyhende vil med dette annonsere lansering av nye websider medio/ultimo februari. Avdelingane har no låst seg inne i IT-utviklingslaboratoriumet på Skaussgarden (sjå bilete).

Mainframe

Dei nye sidene skal langt overgå det fresn.com-vitjarane tidlegare har smekta seg med visuelt, redaksjonelt, så vel som eksistensielt.

Vi vil krune relanseringa med både ny podcast og ein ny pamflett i festivalfilosofiserien (som nyss vart tildelt The Golden Demarcation Fork Award frå The Bertrand Russel Center for Excellent Philosophical Research for sitt nybrottsarbeid innan nemnde filosofigrein).

Vi vonar til og med å kunne by dykk på eit rykande ferskt bildegalleri frå Fresn 2007 (noko dei to fystnemnde organ tek gode dosar sjølvkritikk for at ikkje har vorte gjort tidlegare).

For Dyck de Rute er det berre å lene seg attende og vente på den offisielle avdukinga.