Tryllekunstnar vitjar årets Fres!

Så de trudde Fres Festival ikkje kunne verte meir magisk, hæ? seier ein sistflinande Lars Tore Skau frå festivalleiinga.Hartvixo Seint tirsdag kveld vart det omsider klart at den ikkje so ekstremt kjende magikaren El Hartvixo Muertes tek turen til Skausgarden og Fres Festival for å underhalde og ikkje minst trollbinde festivalpublikummet. Etter planen kjem El Hartvixo, illusjonisten frå Luster til å setje på eit pompøst show i samband med RadioFres på laurdagen i festivalhelga. I den anleninga tok Nyhende tirsdag kveld ein liten prat med RadioFres genera Magnar Louie Kvalvik for å få hass kommentar til det magiske møtet på Fres Festival 2007

– Fyrst vil eg berre få seia deg det, kjære "journalist", at eg e utrule glad, og ikkje so reint lite stolt, over at RadioFres no fungerar, ja exhalterar, på endå eit niveau. Alle påstandar om at RadioFres manglar magi kan feiast under kva enn teppe ein måtte befinna seg på. Kommannora Jåtøøøøøøn!, seier ein oppglødd Kvalvik på gmailchat frå Tangen.