The hour draws nigh!!

,

HovudscenaLeiinga på plass i Fresvik!
Den mest uavhegige og kredible festivalen i Fresvik om dagen nærmar seg med stormskritt. Med knappe to veker igjen til festivalstart inntok mest heile leiinga i Fres Festival 2007 Fresvik for å få på plass dei siste brikkene før det brakar laus siste helga i juli. Gunnar Husabø og Per Christian Schjerven Grov frå leiinga er i skrivande stund på plass på festivalområdet for å bedriva hands on festivaladministrasjon, pleiing av lokale kontaktar samt konsum av lapssodd og doggfriske. Det var ein opplagd halvdel av leiinga som møtte pressa på Fresvikkaien for ein prat og ein lollipop.

Kva er det mest presserande anliggande for leiinga om dagen?

– Det er nok utan tvil flytting av hovudscena samt tilhøyrande snekring i samband med opprustning av denne. Vi har den glede å kunna melda at vi kjem til å flytta hovudscena noko i forhold til fjordårets plassering.

Vil flytting av scena medføra at de vil misse noko av eigenarten Festivalen etterkvart har opparbeidd seg gjennom lange tradisjonar med kreativ sceneplassering?

– Hehe. Godt spørsmål, Kent, og eit rettferdig spørsmål. Vi kan heldigvis beroliga alle med at hovudscena framleis vil stå omkransa av rural sjarme på same måte som i fjor, men scena vil denne gongen peika mot vest i god kristen tradisjon, seier ein opplyst Gunnar Husabø som i same andedrag formleg innhalerar tre Farris med ein dråpe Lime.