Ny artist bekrefta til Fres!

Ponas stiller med frekk elektronika frå Camp Stage Natt til fredag vart det klart at Fres Festival har sikra seg den særs kredible elektronikaaristen Ponas frå sjølvaste Oslofjørao! Ponas, som ifølgje seg sjølv spelar feiande frekk elektronika, kjem til å stilla på Camp Stage ein gang på laurdagskvelden til stor glede for danseglade elektronika!

– Detta vert heilsjef! Ta med glowsticks!! ropar ein nyklypt Lars Tore Skau i eit rekommandert brev frå Fres HQ i Fresvik.

Nyhende tek nyhendene heim til deg.

Per på sagi

Etter mykje intens design og tankeverksemd rundt den nye sceneløysinga, vart det grilling av hamburgarar. Før vi, på telex på systrond, fekk tips om Per på sagi. Vi tok høvesvis tidleg kontakt med den omtalte Per (type sagi). Det viste seg at han var meir villig enn [name deleted], kva sponsing angår, og etter ein lang køyretur fekk vi tilgang til eit slags paradis av plank.

Vel attende på Skau, vart det ein del saging og snikring. Motorisk, så vel som manuelt.

motorsaging

Ei veke igjen!

Kvart einaste sekund tek oss no eit sekund nærare årets Fres, seier ein spent og oppglødd Gunnar Husabø. Som følgje av tid/rom kontinuiteten er det no berre ei, ei, veke at til Fres Festival i den vetle bygda Fresvik på vestlandet sparkar igang. Etter det Nyhende har fått med seg kjem det i årets utgåve av denne heilfrekke festivalen til å verta ein variert meny til glede for nokon og einkvar. Det er faktisk venta at graden av oppgløddheit blant den jamne festivalpublikummar vil anta hittil uante proposjonar. Etter seiande vert det konsertar, teltbuing, ølpimping, fjordbading samt sunn skeptisk haldning til tofuhaldige produkt.

Artikkelen vert fortløpande oppdatert.

Nytt countryband bekrefta til årets Fres!

Nok eit band bekrefta i innspurten, Black Eyed Suzie and the Spavang Band svingar innom! Det er tilsynelatande ikkje noko som heiter "for seint" for den djerve bookingavdelinga på Fres Festival i Fresvik. Nok eit band er no bekrefta og denne gongen er det countryensemblet Black Eyed Suzie and the Spavang Band som har meldt at dei kjem til Skausgarden siste helga i juli for å strø country licks på det spaghettihungrige publikum.

-At bookingavdelinga no so tett opptil festivalstart greier å hanka inn eit band som Black Eyed Suzie and the SB, med sjølvaste Gudmund BS, Lærdal sin eingen Ronnie Le på gitar, ja det syner berre for eit heilpotent organ bookingavdelinga har utvikla seg til å verte, seier ein naudsynt Per Christian Grov på mail frå Fres HQ.