Nok ein flott dag i Fresvik

Etter gårsdagens reiseverksemd, har leiinga i dag haldt seg i Fresvik. Veret smilte til oss og fresvikjene, og vi fekk endeleg herja litt på uteområdet. Dagens store bragd var flyttinga av hovudscena. Med rå muskelkraft og litt hjelp frå traktoren drog vi scena vekk frå si opphavlege plassering, og kunne konstantere at den løynde tomgods frå fjorårets festival.

sceneflytting

Vidare fekk vi montert eit nytt køyrety, ein AEBI AM15. Den kjem til å få ei sentral rolle dei neste vekene, og får den gjeve statusen som «årets festivalkøyrety».

Det vart også tid til eit nytt besøk hjå Fresvik produkt, der vi fekk med oss ein liten haug pallar. Då pallane var komne på plass, var det tid for eit god måltid kjøt.

finnbiff

Etter at kjøtet var innteke, var det til for sigg. Etter sigg var det tid for å testa meir ut dei nyinnkjøpte radiostyrte(!) flya som det vart gått til innkjøp av her hin dagen. Det gjekk bra til dårleg. Etter rekreasjon av slikt kaliber var det endeleg tid for å gjera litt av det leiinga likar mest; tungt fysisk arbeid. Leiinga gjekk so igang med å laga sjablongar til masseprodusering av Freslogoar, type stor. PC var aktiv i denne prosessen, resten av leiinga bidrog med gode vibbar og sympatisk pilsnerkonsumering.

Etter dette gjekk kveden vidare i generell metafysisk spekulering. Som god empirist forkasta Gunnar kausaliteten som sådan. Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.