Leiinga samla i Fresvik

17. juli 2007 vil gå inn i Fresviksoga som ein regntung dag. Omfanget av uteaktivitetar vart difor halde på eit heller beskjedent nivå. Dagen vart i hovudsak nytta til å bygge Fres-nettverket, mellom anna med eit møte på Fresvik Produkt (FP) og telefonisk kontakt med PA-entreprenørane i Ivory.

Utpå ettermiddagen kom festivalsjef Håvard, denne gongen i ein standsmessig Volvo, og vi samla oss på eit kaffi- og vaffelmøte med festivalsveisar og kompetent mann Robert Borlaug i nabobygda Feios.

I ni-tida kjem LT til gards, og heile festivalleiinga er endeleg samla. Med seg i bagasjen har han ein forleggjande haug festivalpass.

– Vi er i år ein dynamisk og tett samanvevd organisasjon, seier PC. – Nett som desse banda.

– Dette er gjennomtenkt, samtykker Håvard.

Så set alle seg ned med sine respektive datamaskiner og bloggar av hjartans lyst.

Dynamikk

2 replies
  1. Kristin
    Kristin says:

    Det er så godt å sjå at Gunnar har tatt fram festivalcap’en sin igjen. Eg blir så glad når eg ser det. Eg tenker (plutseleg på sangen “avenu chalom malachem, avenu chaaaaaalom malachem” altså, jeg blir så glad når jeg ser deg, jeg blir så glaaaad når jeg ser deg..osv) at Gunnar skal tumle rundt, berande på meg mens vi synger ein nydeleg melodi: Paaaaaaaaaaaaaaaaaaaaao DANSKEBAOTN e da maongt ait slag, me kronaspel å kjøt pao gålve.
    Det er og herleg å sjå at til og med bygdeungdomen har kvar sin laptop no til dags. Blogging, bærbar og mobiltelefon er ikkje lenger framandord for desse karane. Eg vonar Rolex, Bentley og Kashmir er på veg inn, mens bestefarklokke, skaada og batistini er såkalla utdøydde ord.

  2. Gunnar
    Gunnar says:

    Pokker… Eg visste det var noko eg hadde gløymt. Vi får snarast treffast i Oslo og gjere unna litt bering og danskebåt-synging.

Comments are closed.