Fres Festival billegast!

Ny statistikkmelding frå FresSB talar for seg sjølv! God stemning i festivalleiinga.
Det vart grunn til jubel i Fres HQ på Skausgarden i Fresvik då statistikkmelding nr 4 (FOS 4/2007. Red.anm) frå statistikkbureauet FresSB deisa ned på pulten i ei elles roleg veke. Statistikkmelding nr 4 er ei analyse av billettprisane på Fres Festival 2007 samt ei samanlikning av desse med billettprisane på festivalar i distriktet, landet og utlandet. Det som fekk leiinga til å ha ei ekstra skei kaffi i filteret denne morgonen var at statistikken syner at Fres Festival ikkje berre er billegast i landet på dagspass, men og på festivalpass. Statistikken syner og at medan ein på festivalen “”Mål”rock” i årthal må ut med svimlande 82 kr pr band ein ser, må ein på Fres Festival ut med latterlege 5 flis og 88 øre, noko som er godt under 32 kr pr band, som er gjennomsnittet. Dette er berre ein liten del av dei mange spanande aspekta som statistikkmelding nr 4 no kastar lys over.

Kan ein stola på FresSB sine tal?
Med statistikkmelding nr 4 i hamn og etter seiande nr 5 allereie i pipelinen har øyvind Noir Vormeland Salte i lag med sine undersottar utvikla FresSB til å verte eit av dei mest vitale organa i Fresorganisma. Det er difor ikkje rart at det i statistikarmiljeu over det ganske land no vert spelkulert i korleis eit statistisk bureau som FresSB på ein truverdig og uhilda måte kan henta inn og analysera empiri om ein festival som dei er eit datterselskap av. Som den merksame lesar har fått med seg er FresSB eit statistisk bureau dedikert dei statistiske aspekta rundt avviklinga av Fres Festival.

Bureausjefen ute og presiserar
I og med desse spekulasjonane såg bureausjef Vormeland Salte det nødvendig å kalla inn til ei ekstraordinær pressekonferanse for å få klarheit i om FresSB har eit habilitetsproblem.

-Nei altså, det er jo klart at dette kan virke merkelig på andre og ikke fullt så vitale statistikkbureau, likefremt kan jeg forsikre alle om at FresSB har den transparente og ryddige prosessen i sentrum når vi innhenter våre data samt vår påfølgende analyse av disse. I tillegg innhenter vi alltid fortløpende avføringsprøver fra alle ansatte på lavere niveau. Analysen disse blir foretatt av et eksternt og ikke navngitt bioteknologiselskap. Dette for å legge all spekulasjon død, seier ein kortvokst øyvind Noir Vormeland Salte til det mannsterke presseoppbodet.

Statistikkmelding nr 4 , FOS 4/2007 kan nytast i si heilheit her. Grunna bureausjef Salte si seksuelle og religiøse overtyding føreligg statistikken på sidemål.