Fresvik! No og vestvendt!!

Festivalleiinga si handlekraft kjenner visst ingen gensar!Vestvendt Fresvik I det som berre kan tolkast som nok eit teikn på festivalleiinga si ekstreme emne til å omsetja ord og idear i handlingar og konkrete resultat lukkast det dei endeleg å vende heile Fresvikbygdi mot vest og med det gje festivalen ei kveldssol ingen tidlegare har sett! Korleis den djerve festivalleiinga har greidd å gjennomføra eit stunt av slike astrale proposjonar er for redaksjonen i Nyhende eit komplett mysterium, men det herskar liten til ingen tvil om at det må botne i leiinga si emne til ultrarask møteinnkalling, uutømmelege vilje til å ta raske beslutningar, den dynamiske administrasjonsstrukturen og den generelle agiliteten ein finn i ryggrada til det som gong på gong syner seg å væra Fresorganismen sitt mest vitale organ.

Fresvik vil væra vendt mot vest gjennom heile Fres Festival 2007.