Tim Fancy bekrefta til Fres!

Sjampanjekorkane sprett i booking allé?! Etterdønningane etter sjokkmeldinga om at den høgpotente bookingavdelinga på Fres Festival i Fresvik, Sogn Indre, har booka ein akkustisk versjon av Roadkill hadde knapt lagt seg før nyhenda om at postgrungarane i Tim Fancy tek turen til årets festival. Om Nyhenderedaksjonen ikkje tek feil, og det gjer den jo svært svært sjeldan, vert det nok nok ei bloddryppande hardtgroovande oppleving for hordane som utan tvil kjem til å ta turen til Fres Festival 2007 for å få med seg denne sjeldne godbiten.

Nyhende lukkast natt til tirsdag som einaste partipolitisk uavhengige nyheitsorgan for Fres Festival og komma i kontakt med den mediesky øyvind Francoise Vormeland Salte, gitarist og main cheese i Tim Fancy for ein kjapp kommentar paa riksmaal:

-Etter måneder i studio, kun avbrudt av diverse innleggelser på rehab, er vi klare for å pakke terapeuten/gruppe-coachen vår i bagasjerommet og møte folket. Vi føler Skausgarden er vår hjemmearena, og vil nok en gang levere varene. Varene vi leverer er solid rock and roll, med beats, riff og melodier. Vår leveringsmetode er trommer, bass gitar og vokal. Vi erTim Fancy – hardrockbandet som smiler, seier ein henslengt Vormeland Salte over ein gin-fizz på Yatzy i Kvadraturen der han for tida held eit møte av moderat til lav viktigheitsgrad.

Dette vert nok muder on the stage floor ja.

Nyhende kjem attende med eir.