Nyhende! Endeleg attende!

,

Etter mange veker med stille frå landets mest uavhengige nyheitsorgan er det nok ein gang klart for kontinuerleg og sakleg oppdatering på det siste av det siste kring Fres Festival 2007 Det var natt til tirsdag at Fres IT general Gunnar Husabø endeleg kunne melde at det Nyhende, nettavisa som frå ein uavhengig ståstad gjev deg som lesar alt du treng å vita om Fres Festival 2007 endeleg er attende. Husabø har sidan drifsstansen i slutten av april jobba dag og natt med å få det uavhegige nyheitsorganet Nyhende oppatt å gå. Det var difor ein ekstremt svevndeprivert, men likevel fatta Husabø som natt til tirsdag gjorde seg sjølv tilgjengeleg for kommentar.

– Eg kan vel ikkje sei anna enn at dei siste vekene har vore lange og harde. Men etter ekstremt hard arbeid frå alle her på IT kom vil endeleg til botnen av problemet. Eg vil nytta høvet til å takka heile staben min for det fantastiske tolmodet og den utrulege ståpåviljen dei har synt i det som etter kvart vart ein lang og spanande prosess prega av ryddigheit og tranparens. Vi kan ikkje anna enn å ta lærdom av dette, avslutta ein sliten Husabø frå tutenden av ein Farris med eit hint av granateple og whatnot.

Nyhende kjem attende med meir, alltid.