Hegg/Minothi Duo med årets tingingsverk

Prisvinnar og prisverdig kompis kjem til Fresvik med avantgarde i lomma.
For alle dei som ikkje har tilgang på Sogn Avis sitt kulturinnstikk vil det utan tvil væra ei glede og merka seg at Hegg/Minothi Duo, beståande av Nattjazz prisvinnar øyvind Hegg Lunde og generell goodguy Morten Minothi Kristiansen skal stå for årets tingingsverk på Fres Festival. Hegg/Minothi Duo har det siste året spelt konsertar rundtikring, mellom anna i Bergen, Trondheim, London, Cape Town og Borgund. I Cape Town spelte dei konsert på den velrenomerte improfestivalen On the Edge of Wrong, då under namnet Minothi/Hegg Duo. Stikk den!

Hegg/Minothi Duo spelar ein potent mix av impro, noise og calypso og ryktet i det norske musikkmiljøet seier at duoen på Fres Festival vil gjera nytte av jordbruksutstyr i si aldri kvilande jakt på det rette uttykket i årets tingingsverk. Tittelen på tingingsverket er enno ikkje avklara, men at det vert eit kredibelt namn tvilar få eller ingen på.

I ein kommentar til pressa seier Per Christian Grov frå festivalleiinga at han og resten av leiinga er både glade og beæra over at Hegg/Minothi Duo og prisvinnar Hegg-Lunde tek turen til Fresn med tinginsverk i skreppa.
– Dette er heilt i tråd med det som er Fresn si ånd. Lokal kompetanse med kvalitet i alle ledd, seier ein oppglødd Grov og legg til at det er moglegheiter for at medlemmar frå sjølvaste festivalleiinga kjem til å medverka i framføringa av tingingsverket.