Feilinformasjon frå Sogn Avis!

Journalistisk skandale frå lokal kulturblekke.

SA-journalist lovar bot og betring. Det var ikkje so reint få i leiinga av den kredible og bortimot uavhengige festivalen Fres Festival som sette morgonjuicen i halsen idet dei bladde opp i kulturdelen av lokalavisa Sogn Avis, tysdagsutgåva, og kunne lesa at deira eigen festival skulle gå av stabelen siste helga i JUNI(!) Som den merksame lesar har fått med seg går Fres Festival 2007 av stabelen siste helga i JULI , ikkje juni slik det feilaktig vart hevda i Sogn Avis. Dagen var ikkje før vorten kjønnsmoden før telefonlinjene inn til Fres HQ i Fresvik var overbelasta av forvirra festivaldeltakarar. Nyhende greidde som einaste partipolitisk uavhengige nyheitsorgan å få ein kommentar frå ein tydeleg overarbeidd men fatta Lars Tore Skau frå festivalleiinga.
– Denne dagen starta ikkje helt som eg hadde trudd nei. I fem timar no har eg sløkt brannar i det ganske land. Folk utrykkjer forvirring og tendensar til panikk når dei ringer inn og lurer på når festivalen eigentleg er. Vi må berre freista å roa dei ned som best vi kan. Vi har og oppretta eit kriseteam med sjukepleiarar og psykologar som dei verst ramma festivaldeltakarane kan henvenda seg til. Heldigvis er informasjon det einaste som skal til for at normaltilstanden vert gjennoppretta hjå innringarane, seier ein perspirerande Skau.

Kva som ligg til grunn for at feilinformasjon av denne typen kjem på trykk er enno ikkje kome på det reine, men Nyhende lukkast fredag føremiddag å komma i kontakt med Sogn Avis-journalist Joachim S Laberg som står bak den aktuelle artikkelen.
– Slikt skal sjølvsagt ikkje forekomma, ikkje eigong i Sogn Avis. Til mitt forsvar vil eg sei at eg vitterleg er klar over at Fres Festival 2007 går av stabelen siste helga juli, men nokre gonger går det litt fort i svingane i kulturblekka Sogn Avis. I tillegg har det nok vore mest fokus på saka sitt innhald, seier ein angrande Laberg som lovar bot, betring samt eit dementi.

Nyhende kjem attende med fleir