RadioMagnar går til TV2!

RadioMags

RadioMags

Noregs største kommersielle TVkanal må til Radio Fres for å sikra nødvendig kval(v)i(k)tet!

Kvalvik frontar ny sportskanal

Det var i påsken at det vart klart at RadioFres general, årdøl og generell good guy Magnar Kvalvik no vil verte å oppleva som kommentator av norsk tippeligafotball på TV2 si nye og smått gargantuanske satsing på norsk fotball. Den joviale og folkekjære Kvalvik, som vi vanlegvis kan oppleva som programleiar mellom anna for dei etterkvart so vidgjetne ]Radio Fres podcastane, vil bli og oppleva fyrstkommande søndag på den nye sportskanalen TV2 Sport som er tilgjengeleg for alle som finn det hesiktsmessig å fylla ruta med endå meir fotball.

Radio Fres forheld seg roleg

Mange i medienoreg forventa at Kvalvik sin overgang til TV2 ville medføra kroken på døra for det tilbakelente og nyskapande underhaldningskonseptet Radio Fres, men dei resterande medlemmane i Radio Fres redaksjonen, som angiveleg tel opptil fleire medlemmar frå festivalleiinga, er ikkje bekymra for dette. øyvind Thomas Vormeland Salte, mannen bak den smektande riksmaalsstemma i Radio Fres seier følgjande i ein kommentar
-Vi i redaksjonen er først og fremst glade for at andre mediekonsern kommer til oss for at hente den kompetanse de fordrer. Vi ser intet problem i det faktum at Magnar nu kombinerer kommentering av fotbold, denne aktiviteten som ser ut til at forlyste det brede folkelag i høyeste grad. Vi haver fuld tiltro til at Herr Kvalvik fremdeles haver et hierte som slaar for Radio Fres.

Nyhende greidde natt til onsdag å få ein kjapp kommentar frå den ellers so mediesky Magnar Kvalvik.
– Eg kan beroliga alle internett nedlast folk, som dei er, dei som lastar ned, der ute med at det min overgang til TV2 ikkje kjem til å komma i vegen for stadig Radio Fres podcasting. Kvar ellers kan eg ytra frekke ord som “”fesaringen”” slik heilt utan vidare?

Nyhende helde deg løpande oppdatert.