Fres Festival trekk seg ut av Vålerenga!

Dramatikklaus Vålerengastopp for fotball-Kvalvik!

Det kom som ei stor overrasking at Magnar Kvalvik, betre kjend som programleiar i Radio Fres og som vokkis i Tim Fancy i dag kunne offentleggjera at han har vald å ikkje forlengja sitt samarbeid med Vålerenga sitt 4. lag, herre, senior. Dette kom nok sikkert som ei overrasking fyrst og fremst fordi folk ikkje visste at han spelte der i utgongspunktet, trass i at han no har lagt bak seg tre år i klubben. Etter spel i både femte, sjette og sjuande-divisjon, kunne Kvalvik opplyse under ein pressekonfernse i dag, fredag 23.mars, at han ikkje har signert ny kontrakt med klanaklubben.

- Eg vil komma media i forkjøpet med denne pressekonferansen. Før ord om misnøye spreiar seg, vil eg berre sei at avgangen min ikkje har noko med klubben si famøse signering av ho kaupadama å gjer.

Då signeringa av Kristin Vestreim vart kjend førre veke, var det nok ingen som spurte seg om ein årdøl og ei kaupadama kunne holda ut i ein og same klubb, ettersom ytterst få visste at årdølen var der allereie. Dessutan kom dei jo ikkje til å spela på same lag eingong, ettersom dei ulike kjønna set ein stoppar for slik ei miksing. Likevel låg det i lufta at det kunne oppstå ein viss konflikt.

- Det er ikkje min feil at klubben grev si eiga grav. Det er heilt greitt for meg at klubben hyra inn kaupinga, og det at detta øydelegg klubben sitt omdøme som stolt og usnobbete er ikkje grunnen til at eg gjev meg. Eg vil ynskja både klubb og kaupadame lukke til vidare.

Og med det avbles Kvalvik alle spekulasjonar om has misnøye med kaupadame. Det kanskje folk likevel har lura på, er om Kvalvik sin avtale med Vålerenga skulle gagna RadioFres i form av deltaking av den fotballradio-profilerte Freddy dås Santos. Men ein slik avtale har som alle RadioFres-kjennarar veit, ikkje funne stad til dags dato. Kvalvik avvis blankt at dette har vore has plan frå byrjinga:

-RadioFres har då for pokker integritet. Å vedda om ølkasser og hårklipp med fotballspelarar, set eg ikkje noko radiofagleg signatur på.

Den sindige årdølen kan likevel stolt stadfesta at RadioFres vil halde fram med podcasting ei gong i veka fram mot festivalstart, og at det vert eit forrykande liveshow på CampStage den siste laurdagen i juli.

Leiinga sonderar terrenget!

Vill bransjing då leiinga for Fres Festival vitja Oslofjøra og klubben Blå på utkikk etter potensielle fresartistar.

Visittkorta sat ekstra laust, og sjampisglasa var ekstra høge då Gunnar Husabø og Per Christian Grov frå leiinga i Fres Festival 2007 var på minifestival med det joviale vriompeislabelet Metronomicon Audio natt til fredag. Leiinga fekk med dette sjå det beste av kva hovudstaden har å by på av undergrunnsband. Ved det som på ein måte må kunna kallast eit lukketreff fekk Nyhende pressa inn ein liten prat med dei ellers so lyssky leiingsmedlemmane.

- Det er klart at eg snart lyt komma opp med ein ny måte å starta setningane mine på. No har eg trass alt byrja nesten alle svara mine med orda “det”, “er”, “klart” og “at”, noko som eg meinar er mogent for utskiftning til fordel for ei meir dynamsik og bimedial ordsamansetting. Når det er sagt vil eg berre få sei at det er utruleg kjekt å væra her på Blå og sjekka ut ny og fresh musikk samt henga ut med bransjefolk av same kaliber som mitt eige, seier ein avslappa men fokusert Grov idet han deler ut endå eit visittkort og slepp eit importert jordbær ned i sjampanjeglaset.

Attmed Grov står partner in festival crime, Gunnar Husabø, og sippar refelktert på ein gin-tonic.

- Eg må sei, eg hadde egentleg føretrekt eit eller anna smakssett vatn med kolsyre å drikka, men sidan dette ikkje er ein pressekonferanse får det gå for denne gang. Ceteris paribus, dette er frekt arrangement med laus snipp og same mangel på pretensjonar som vi oppelskar i Fresvik siste helga i juli, og eg ser fram til å kunne utveksla erfaringar, nøkkelkompetanse og ressurspersonar med gjengen i Metronomicon Audio, seier ein dagleg, men smart, antrukken Husabø idet han tømer drinken og som nappa ut frå ein ambassadefest snappar til seg ein ny sjampis frå eit passerande brett.

Dei to glade gutane frå leiinga fekk med seg frekt kredible band som Pil Emil, Hanny, Magnus Moriarty, Koppen og Now We`ve Got Members. Det er i skrivande stund ikkje kome på det reine korvidt nokon av desse banda vil verte å oppleva på Fres 2007, men etter seiande skal det væra gode moglegheiter for at saxofonisten til Koppen vil verte å oppleva i ein eller anna konstellasjon til sumaren.

Mørke makter til Fresn via eteren? (FOS 2007:3)

FresSB sin avdeling for Avansert Now-casting, Analyse og Ledelse (ANAL) har foretatt en hastedissertasjon etter flere bekymringsmeldinger fra lyttere som har lastet ned Radio Fres sin podcast. Bekymringsmeldingene har gått på hvorvidt det sendes subliminale beskjeder via eteren der djevelen, mørke makter eller andre uhyrligheter og ren ondskap påkalles.

Les meir