Podcastgjengen er tilbake i folkets teneste. God helg.
Månadsarki: mars 2007
Frespost
Hei!
Eg kom paa at eg skulle sende ein post til dykk i festivalleiinga (har ikkje LT si adr forresten) om framgong paa festivalfronten. Eg har ikkje enno faatt etablert ein samarbeidsavtale med ein tanzaniansk festival. Det er ikkje so mange av dei nemleg. Det er ein paa Zanzibar i juli, og eg har moett folk som skal spele der. Det er jo ein moglegheit. Dessutan har eg invitert Mr. Paul til aa komme. Han gaar utviklingsstudier paa samme plass som eg tok spraakkurs. Han kjem med ny CD om ein maanad. Her er omtale av han:
Mr Paul (Tz) One of the founders and most creative Tanzanian artists on the burgeoning Swahili r’n'b scene, Mr Paul is down with the best of them and about to hit the international airwaves with his new release on Smooth Vibes. Aside from his solo success, Mr Paul has also made great contributions to recent albums by Mr II, Unique Sisters, Dola Soul and Juma Nature.
Det er ogsaa mogleg det kjem ivrige festivalgjester fraa Bergen. Eg traff nokre medisinstudentar her som virka interesserte. Dei vart saerleg imponert av fjella, som eg beskreiv med liknande ord som Frida i lyrikkspalten. Dessutan kjem to fraa familien eg bur hjaa til Noreg i sommar.
Eg dirigerer eit jentekor paa ein katolsk skule stundom. Dei vil sikkert gjerne komme, men det spoerst om dei har raad. Maaten dei syng “We are the World” er svaert underhaldande. Eg skal gjere opptak og sende. I dag var eg paa omvisning paa ein fyrstikkfabrikk. Skal sende ein meir utfyllande epost snart.
Kjell

Nektar for placeboeffekt
Festivalkaptein Lars Tore Skau hevdar at medisin han tok for rekreasjon forrige helg har auka hårveksten. “Fjasete av festivallegen!”Dette er ikkje Nyhende sine ord, men festivalmajor Skau, som tidleg mars kunne konstantere ein auke i eigenproduksjon av hår.
“Ro ned, eg er ikkje lenger under påverknaden av denne eksperimentelle drogen dei kallar H37″ beroar Skau alle unge kvinns landet over.
Etter det Nyhende har funne ut er ikkje H37 ein drog, men det EINASTE verkelege alternativet for raskare hårvekst. Dei siste fem åra har faktisk tusenvis funne ut at H37 ikkje berre gjer håret lengre, det aukar og fylde og form. Så om du er på utkikk etter det mest komplette hårprogram, slutt å leite, H37 er her. Kan kjøpast som shampoo eller i pilleform over heile det nord-amerikanske kontinent, med unntak av Canada, Alaska, Nord-Dakota, Tennesse og Illnois.
(kilde: http://www.hf37.com/)
Podcast #2
Magnar Kvalvik tek oss med på ei ny radioreise.





