Multimedial Revolusjon! Radio Fres attende!!

,
RadioFres Podcastservice

RadioFres Podcastservice

Podcastinga er igang!

Etter det ein kan lesa på framsida av den særs frekke og tidsriktig designa vevsida til Fres Festival er det no mogleg å nyta lyden av nasty podcasting fram mot årets festival. Korleis den agile leiinga har greidd å få i stand eit slikt multimediastunt står framleis som ei gåte for brorparten av landets sjeler, men etter det Nyhende i skrivande stund har greve fram skal det væra snakk om eit samarbeid mellom tre ikkje namngitte medlemmar av festivalleiinga, øyvind Andr? Vormeland Salte frå FresSB samt Magnar Kvalvik frå Radio Nova i Oslo. Kvalvik er og kjend frå Radio Fres si heilfrekke sending frå camp stage på Fresn, samt Liverpool mot eit anna lag sitt null-null oppgjer på ein ikkje namngitt betal-TV-kanal rundt juletider. Vormeland Salte er forøvrig og kjend som side kicket til Kvalvik på Radio Fres.

I skrivande stund har det ikkje lukkast å koma i kontakt med nokon av dei alltid opptekne representantane for leiinga, men det kan seiast sopass at podcastane vert spelt inn på camp stage på Skausgarden i god gammal Radio Fres stil.

For å nyta årets første podcast frå Radio Fres klikk heeeeeeeeeeeer.