Jons Mysterier endeleg attende!

Hysteriske tilstandar på sleppfest for Überfrekk krimteikneserie! Eitt år sidan forrige Jon.

Etter å ha vore vekke frå mediabilete i bortimot eit heilt år var endeleg Joachim S Laberg attende med nok eit krimepos om antihelten og detektiven Jon. I mellomtida har dei teikneseriehungrige massane der ute fått sine behov dekka av den tilsvarande frekke serien frå teikneserieskaparen Kim Peek.

Denne gongen har krimgåta Jon må ta fatt på sjølvaste festivalleiinga i rollane som offer for ei grusom kriminell handling.

Alltid aktuell

Nyhende lukkast natt til onsdag som einaste nettavis i få eit par ord med den ellers so mediesky Joachim S Laberg.
– Eg håpar eg med denne teikneserien, i tillegg til å underhalda og skapa spaning i ei ellers roleg påskehøgtid, og har greidd å retta eit kritisk søkelys mot tofu og alle dei farane som er forbunde med dette stoffet, seier ein ordknapp Laberg i kode pr telefon frå New York, down at the docks.

Siste utgåve av Jons Mysterier kan nytast, og moglegvis løysast, her.