Fresvik Says med frekt cover!

Vreid powered by Grooveart!

Det var etter det ein avslørande artikkel i det partipolitisk uavhengige nyheitsorganet Nyhende la for dagen at det kom for, jepp, dagen at Fres Festival sitt eige designburo Fresvik Says, representert ved kreativ motor Per Christian Grooveart Grov, hadde designa platecover for eit norsk metallband at rykta om kva band dette kunne væra nådde sitt absolutte klimaks 21. februar i år.

Litt uventa kom det difor at det var kulturblekka Sogn Avis som kom med den journalistisk gravande artikkelen som avlørte kva band det var tale om. Det var tale om det hardtmarsjerande black n’roll bandet Vreid. Det har i skrivande stund ikkje lukkast Nyhende å komma i kontakt med nokon av medlammane i ovanfornemnde metallkonstellasjon. Derimot kom Nyhende via mirc i kontakt med sjølvaste Fresvik Says sjefen Grooveart Grov for ein kjapp kommentar.

-LOL! Jau, det var kjempekjekt å få designa cover for eit band som Vreid. Etter det eg har høyr trur eg karane i Vreid og tykkjer det er framifrå å få sin bit av that Fresvik feeling innan design. Raudt kjøt og designkvalitet går hand i hand seiet no eg, vart det meldt frå Grov hvis kjenlser var vanskeleg å tolka då meldinga kom over ein irc kanal.