Fresn sikrar viktig innflytelse i idrettsnoreg!

Kristin Vestreim går frå Kaupanger til Vålerenga! NFF i sjokk!

Det var fredag ettermiddag det vart klart at Kristin Strikkavestreim, kjent frå band som Tennessee Toombstone, evige Vulva samt som seniorkonsulent i Kafresn, vart klar for spel for tredjedivisojnsklubben Vålerenga. Vestreim gjekk frå Kaupanger som Bosman spelerske. Dette til trass for at det vidgjetne overgangsvindauge for ida er stengt, noko som gjer denne nyheita endå meir sensasjonell enn den allereie er.

Det skulle ikkje gå lange tida før kaffi sette seg i eit utal halsar over den ganske Kaupangerskogen då denne sportsnyheita lak ut fredag ettermiddag. Folk stilte naturlegvis spørsmålet om dette var eit teikn på at Vestreim no har selt si sjel til dei pompøse kontorurbanistane inni Oslofjørao. Som følgje av Kristin Vestreim sitt intime forhold til Fres Festival, som seniorkonsulent i Kafresn, såg den alltid tilpasningsdyktige Leiinga seg nøydde til å kalla inn til ekstraordinær pressekonferanse tidlegare idag.

-Neineinei! Dette kan på ingen måte takast til inntekt for at Vestreim har solgt ut. Vi hadde ein lenger prat med Kristin tidlegare idag, og ho forsikra oss gang på gang inntil det kjedsommelege at Kaupanger er klubben i hennar hjarte og at dette kun må sjåast på som ein karriermanøver av det heller frekke slaget, sa ein lett jetlagga Lars Tore Skau på faks frå ei øy ein eller plass mellom Japan og den russsiske kystlinja.